Vi presenterer Norec sine resultat i internasjonale fora

Les artikkelen

Norec har organisert og delteke på ei rekke arrangement, forsking- og rådgivingsoppdrag dette året. Alle fysiske konferansar og workshopar vart halde digitalt i staden for fysisk, og kunne difor gjennomførast til tross for covid-19.

Som kompetansesenter skal Norec gje råd og aktivt støtte prosjektpartnarar med kurs og rettleiing. Kunnskapen er generert ut frå eigen data frå Norec-prosjekt, men også frå søsterorganisasjonar som jobbar med utveksling i andre land.

Kompetansesenteret har som mål å generere kunnskap frå gjennomførte prosjekt og kommunisere det til verksemder som har internasjonale partnarskap som ønskjer å utvikle samarbeidet ved utveksling av frivillige eller medarbeidarar.

Norec organiserer og deltek på ei rekke arrangement. Alle fysiske konferansar og workshopar blir halde digitalt i staden for fysisk, og er blitt gjennomført til tross for covid-19:

- Norec var «Partner of the Month» for UN South-South Galaxy. Dette er ein database med webside som skildrar og frammar gode eksempel på sør-sør- og triangulært samarbeid. Den favnar særleg om organisasjonar innan FN-systemet og multilaterale organ, man også næringsliv og sivilsamfunn.

- Norec organiserte eit webinar for 100 deltakarar frå heile Norge om inkludering på arbeidsplassen, med eit ekspertpanel med både praktisk og teoretisk kompetanse på mangfald og inkludering.

Neste:
Vi bidreg aktivt i forsknings- og rådgivnings­oppdrag