Grenselaus resirkulering

Les artikkelen

Det kenyanske WEEE-senteret (The Waste Electrical and Electronic Equipment Centre) blei starta fordi det var eit stort behov for resirkulering av elektronisk avfall. Etter åtte års drift har selskapet 8000 kundar i fleire afrikanske land, og satsar på å spreie si verksemd til andre kontinent.

— Ved å nytte utvekslingsordninga til Norec har vi blitt sterkare. Det har knytt oss til eit internasjonalt nettverk som gir oss truverdigheit til å bli ein attraktiv samarbeidspartnar, seier Bonnie Mbithi, som er dagleg leiar på WEEE-senteret. Han jobba med å skaffe rimeleg datautstyr til skular i Kenya, då han oppdaga at det ikkje fantest bra løysningar for å bli kvitt elektronisk avfall. Dette var noko fleire bedrifter etterlyste, og Bonnie innsåg at han hadde funne ein nisjemarknad.

Utveksling av tilsette og sterke team.

Bonnie er ung, og har ei brei bakgrunn frå jus, næringsliv og sirkulærøkonomi. Han har blitt kåra til ein av 35 under 35 år i Kenya med mest innverknad. Dei siste to åra har selskapet hans drive utveksling med eit liknande firma på Madagaskar, Vohitra. Dei byter tilsette, og samarbeider gjennom å diskutere idear og forske på nye berekraftige måtar ein kan samle inn og kvitte seg med elektronisk avfall på.

— Det var Norec som kontakta oss for nokre år sidan. Dei leitte etter nye partnarar som kunne nytte seg av utvekslingsmodellen deira, og hadde funne nettsida vår i jakta. Samstundes fann vi Vohitra på leit etter nye marknader. Og det var då samarbeidet begynte, seier Bonnie.

Han ser mange fordelar som WEEE-senteret får frå å nytte utveksling gjennom Norec: det å byte tilsette gjer team-kjensla sterkare mellom bedriftene, fordi staben kjenner kvarandre. Dei som har vore på utveksling spelar og ei viktig rolle som tilretteleggarar for andre som blir utveksla, sidan dei veit korleis det er å komme til eit land på jobb for første gong.

Begge bedriftene blir styrka gjennom samarbeidet: WEEE-senteret har hjelpt kollegaene deira på Madagaskar til å bli betre på behandling av elektronisk avfall og på IT, medan Vohitra har styrka WEEE-senteret på rapportering og tidsbruk.

Viktige partnar-møter

I tillegg til utveksling treffer partnarane kvarandre på årlege møter og kurs. Der kjem dei og i kontakt med andre organisasjonar og bedrifter som er med på utveksling gjennom Norec.

— Desse arenaene er viktige for oss, fordi vi kan bruke dei til å diskutere problem og finne løysningar med Norec og andre som driv med utveksling. Eg har og møtt andre moglege partnarar her, seier Bonnie.

8000 kundar i 15 land

Det er stor forskjell på situasjonen til WEE-senteret no og før dei begynte med utveksling gjennom Norec:

— Vi har fått meir styrke. No er vi knyta til eit større internasjonalt nettverk, og det gjer oss eit godt rykte. Og med det har vi klart å få store namn på lista over kundar: USA sin ambassade I Nairobi, IBM, Lenovo og Total. Og så har vi forretningspartnarar i 15 afrikanske land – som vi har trena, og som vi delar utbyte og over 8000 kundar med, seier Bonnie.

Synergi og utviding

No ser Bonnie og WEEE-senteret mot eit nytt kontinent, og tenker på å opne eit senter for resirkulering av elektrisk avfall i Colombia. Denne ideen er og eit resultat frå utveksling gjennom Norec; Bonnie er nemleg primus motor bak eit anna utvekslingsprosjekt kalla « Computers for schools» mellom Colombia og Kenya. Det handlar om å auke bruk av data på skular i Colombia. Også her har Bonnie sett at det er ein jobb å gjere for å få ordentleg sving på resirkulering av elektronisk avfall . No er dei på utkikk etter ein partnar slik dei har på Madagaskar.

Heilt til slutt peiker Bonnie på arbeidet han er med på i ein større samanheng:

— Alt det vi gjer er knytt til Bærekraftsmåla. Det vi oppnår kan forbetre liv og økonomi for folk og for land.

Neste:
Frå kultursenter til solcellegigant