2020 var året då Norec skulle samle alle lause trådar og starte for fullt i Førde

Les artikkelen

I 2017 vart det intern uro då det vart vedtatt at dåverande Fredskorpset skulle flyttast frå Oslo til Førde. I 2018 flytta vi og skifta ut 75 prosent av alle tilsette. I 2019 fekk vi ny instruks og nytt namn, og i 2020 skulle vi gje alt for å løfte globale partnarskap fram mot 2030 og få mellom 600 og 700 personar på utveksling.

Slik gjekk det ikkje, og vi veit alle kvifor: Den globale koronapandemien gjorde at grenser vart stengde, og ingen kunne reise på utveksling mellom land.

Meldinga frå statsråden var klar: gjer det de kan for å halde globale partnarskap gåande! Så i dei neste månadane, utan å kunne sende medarbeidarar og frivillige på utveksling, så heldt verksemdene samarbei- det gåande via digitale verkemiddel.

Kompetanseutveksling via skjerm, med lyd og bilete vart den nye normalen. Dette gav plutseleg fleire enn berre dei som skulle vore på utveksling ein sjanse til å delta i diskusjonen. Fråværet av deltakarar som skulle ut i verda for eit år, gav sjansen til tidlegare deltakarar om å bli med å utvikle verksemda endå meir.

Alle i Norec – frå deltakarar, via partnerkontakter, og tilsette i Førde – alle har sett etter nye moglegheiter for internasjonalt samarbeid, og vi har funne det vi såg etter: alternative metodar for å auke overføring av kompetanse mellom menneske og verksemder. Innovative løysingar som er ikkje erstatning for utveksling, men komplementære slik at fleire kan bli med, og slik at vi ikkje treng å fly nett så mykje i framtida som vi har gjort til no.

2020 var eit annleis år. Og av alle ting vi lærte så er det at menneske i verda er vove så tett saman at eit vi- rus kunne sprei seg globalt til ein pandemi. Kún globalt samarbeid kan stoppe spreiinga og sørge for at alle som skal verte vaksinerte blir det. Samarbeid trumfar åleinegong meir enn nokon gong.


Jan Olav Baarøy

Neste:
Utveksling i eit omstillingsår