Vi bidreg aktivt i forsknings- og rådgivnings­oppdrag

Les artikkelen

Totalt har Norec bidratt i ti eksterne evalueringar og rapportar i regi av internasjonale NGOar og multilaterale organisasjonar

Kompetansesenteret har som mål å generere kunnskap frå gjennomførte prosjekt og kommunisere det til verksemder som har internasjonale partnarskap som ønskjer å utvikle samarbeidet ved utveksling av frivillige eller medarbeidarar.

Hausten 2020 vart følgande prosjekt prioritert:

Norec gjennomførte ei studie med fokus på integrasjon av utanlandsk arbeidskraft på arbeidsplassen. Studiet analyserte funn frå Norec sine brukarundersøkingar og gjorde casestudiar av verksemder som har mellombels tilsette frå andre land. Strategiar for inkludering og mangfaldsleiing vart framheva som nyttige verktøy for verksemder til å lykkast i å legge til rette for inkludering utanlandske tilsette.

Norec finansierte og bidrog inn i eit studie utført av International Forum for Volunteering in Development. Denne tok opp korleis utsending- og utvekslingsorganisasjonar har handtert pandemien, og om framtidsscenarioer for vår sektor etter pandemien. Studiet har blitt fulgt opp med ei rekke webinar om dette temaet.

Norec fulgte opp sluttdokumentet frå konferansen BAPA+40 om sør-sør og triangulært samarbeid. Dette har skjedd gjennom deltaking i Global Partnership Initiative on Effective Triangular Cooperation. Der har vi medfinansiert koordinatorfunksjonen og delteke i arbeidsgruppa for analyse.

Norec har også bidratt inn i ein OECD-publiksjon om triangulært samarbeid med sivilsamfunnsorganisasjonar i India.