Frå kultursenter til solcellegigant

Les artikkelen

Med ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi ved roret, har Flora vidaregåande skule og ungdomsorganisasjonen Youth Code i 15 år utveksla tilsette og kompetanse. Resultata er imponerande: 800 malawiske elevar har gjennomført yrkesfagutdanning, det er etablert eit solcelleselskap som forsyner 85.000 menneske med straum, og i Florø har oppslutnaden for internasjonalisering gått frå 50 til 92 prosent blant elevane.

Avstanden mellom Florø og Nkhotakota i Malawi er stor både i kilometer og levestandard. Malawi er eit av verdas fattigaste land, og berre om lag 10 prosent av innbyggjarane har tilgang til straum. På den andre sida er Norge eit av dei rikaste, og energikjelder finn ein i kvar ein krok. I 2012 inngjekk Flora vidaregåande skule og ungdomsorganisasjonen Youth Code eit partnarskap om å utveksle tilsette og kunnskap – og saman har dei bidrege til elektrifisering, berekraftig utvikling, internasjonalisering og entreprenørskap hos ungdommar i begge land.

– Samarbeidet er eit godt døme på kva ein kan få til med sosialt entreprenørskap, yrkesutdanning og næringsutvikling. Det er ein framtidsretta bruk av unge ressursar i begge land, seier rektor Knut Christian Clausen ved Flora vidaregåande skule.

Starta som haldningsarbeid

Ytst på vestlandskysten ligg Florø: Ein by som lev av eksport av ulike varer og tenester, der næringslivet lev av olje-, fiske- og verftsindustri. Medan byen er sterkt kopla til den store verda, såg lærarane at elevane hadde lite kunnskap om korleis verda var utanfor den vesle kystbyen og den norske grensa. Då moglegheita kom for å starte eit utvekslingsprosjekt saman med ein lokal ungdomsorganisasjonen i Malawi, såg skulen det som ei gyllen moglegheit for å jobbe aktivt med å endre haldningar i skulen.

– Vi vil gjere elevane betre rusta til å møte framtida. Internasjonalisering og kulturforståing vert stadig viktigare i arbeidslivet og for den einskilde sin kompetanse. Malawi-prosjektet er ei av satsingane skulen brukar i dette arbeidet, fortel prosjektkoordinator Vivian Nordstrand.

– Prosjektet viser at ein kan oppnå resultat både nasjonalt og internasjonalt ved å samarbeide. På denne måten kan også ein vidaregåande skule på Vestlandet vere ein bidragsytar i å nå berekraftsmåla.

Med ungdommar i midten

Når organisasjonane vart Norec-partnarar i 2012, oppretta dei ei ungdomsbedrift på Flora vidaregåande skule som dei kalla Prosjekt Malawi. Gjennom denne bedrifta skulle elevane ta seg av organiseringa under oppfølging av lærarar. Slik fekk dei interesse og kunnskap om partnaren i Sør. Dei starta opp den internasjonale aksjonsdagen, der dei feirar med dans, internasjonal mat og musikk, og dei informerer om kva bidraga til elevane leiar til. Det gjennomførast ei innsamlingsaksjon – og heile tida er fokuset på at elevane skal sjå effekten av deira bidrag kvart einaste år. Ein gang i året reiser elevar frå ungdomsbedrifta og lærarar den lange vegen til Malawi for å følge opp. I dei seinare åra har fleire med Flora-bakgrunn også reist for å jobbe frivillig for organisasjonen.

– Frå starten og fram til i dag har vi gått frå 50 til 92 prosent oppslutnad om det internasjonale arbeidet. Å delta på aksjonsdagen er nemleg frivillig, understrekar prosjektkoordinator Vivian Nordstrand.

Resultata snakkar for seg sjølv

Det er no femten år sidan Florø-skulen starta utveksling med Youth Code. Dei har utveksla tilsette åtte gangar. I tillegg er elevane involvert gjennom ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi.

Resultata snakkar for seg sjølv: Utdanningsprosjektet har blitt eit føregangsprosjekt som får skryt frå mange kantar og som har styrka institusjonane i begge land. I Malawi har 800 elevar fått utdanning innan yrkesfag og entreprenørskap.

Solcellebedrifta Kumudzi Kuwale vart initiert av den første deltakaren som var på utveksling gjennom Norec. Då var berre 2,7 prosent av innbyggarane i Nkhotakota var tilknytt straumnettet. No har selskapet 121 tilsette og forsyner 85 000 menneske med straum. I tillegg har dei bygd opp eit kultursenter, ein restaurant og ein kulturfestival i Nkhotakota. Målet er å gje unge utdanning og jobb.

– Det som er viktig for oss her i Norge også er viktig for folk andre stader. Vi har sett at verdien av skulegang for alle, yrkesfagopplæring, entreprenørskapstrening og bedriftsutvikling blir sett likt på i to ulike lokalsamfunn. Det var ikkje vanskeleg å finne eit felles utgangspunkt, seier rektor Clausen og får støtte frå leiar i Youth Code, Robert Mbaya:

– Prosjektet er prega av gjensidig respekt og ei gjensidig vilje til å bidra. Utvekslinga har gitt ungdommar i Malawi, spesielt unge kvinner, moglegheita til å stå på eigne bein gjennom yrkesfagutdanning og arbeid. Vi har fokus heile vegen på at vi skal sikre likestilling og kjønnsbalanse i klassane. Vi er glade for å bidra til berekraftsmåla gjennom samarbeidet, seier han.

Teknisk engelsk inn på yrkesfag

I Flora har over 1000 elevar lært om korleis ein jobbar med berekraftig utvikling i praksis. 92 prosent av elevane er engasjert i det internasjonale arbeidet ved skulen. Dei får betre engelskkarakterar, kan nytte engelsk som arbeidsspråk og tilgang til viktig fagkompetanse frå Malawi.

Eit døme på kva lærarane har bidrege med ser ein på studielinja Teknikk og Industriell Produksjon (TIP). I mangel på avansert tekniske maskiner, er lærarane frå Malawi flinkare til å ta vare materialet og å bruke enkle reiskap. Dette ser ein att i elevane: Praksisbedriftene melder attende til skulen at elevane har auka sin kompetanse og dette er kunnskap dei har bruk for.

– Det er ei viktig lærarkompetanse som bidreg i undervisninga. Det har gitt oss ubegripeleg mykje, avsluttar rektor Knut Christian Clausen.

Om prosjektet

  • Deltakarane er på utveksling i 12 månader, frå februar til februar. Deltakarane frå Malawi er som oftast lærarar som er bundne til partnarorganisasjonane. Deltakarane frå Norge rekrutterast kvart år, og er som regel unge med høgare utdanning og erfaring frå organisasjonsliv eller næringsliv.
  • Distriktets første internettkafé og ein eigen oppretta restaurant. Desse fungerer som inntektsgrunnlag for organisasjonen.
  • Distriktets einaste yrkesopplæringssenter som per 2021 har utdanna 800 elevar innan fem ulike yrkesfag; Mekanisk, elektro, IKT, skreddarutdanning og byggfag. Alle har obligatorisk entreprenørskapsopplæring i tillegg.
  • Eit kultursenter som gjev ungdom fritidstilbod. Dei har musikkskule, teikne- og danseklassar, idrett, leksehjelp, konsertar og talentshow.
  • Forbetra engelskkarakterar blant yrkesfagelevar, og auka internasjonalisering synleggjort gjennom deltaking på 92 prosent på internasjonal dag.
  • Partnarane har inngått eit samarbeid med DIKU parallelt. Gjennom dette samarbeidet er det oppretta eit karrieresenter, der entreprenørskapstreninga er blitt formalisert etter den norske modellen: elevane får hjelp med å finne lærlingplass og oppfølging medan dei er i arbeid.
  • I 2015 blei Uganda Youth Skills Training Organization involvert i prosjektet for å ytterlegare styrke partnar i Malawi. Frå februar 2020 har Firda vidaregåande skule sendt og mottatt deltakarar, med mål om at de sjølv skal drive et sjølvstendig prosjekt saman med den ugandiske partnarorganisasjonen.
  • Starta Nkhotakota Music Festival, ein av Malawis største musikkfestivalar.
  • Kumudzi Kuwale, eit selskap som bygger ut elektrisitet basert på solenergi i landsbyane kring Nkhotakota, har 121 tilsette og forsyner 85.000 menneske med straum.
Neste:
Rishi oppretta lukka nettverk for transmenn under pandemien