Utveksling i eit omstillingsår

Les artikkelen

Vanlegvis ville denne delen omhandla progresjon fram mot 2030, tiltak for å nå målet om 750 deltakarar på utveksling innan 2022 og eit par optimistiske tankar om framtida i lys av at verda er betre i dag enn for 20 år sidan om vi ser andelen av verdas befolkning som lev i ekstrem fattigdom.

Men framtidsutsiktene per midten av februar 2021 er mildt sagt vanskelege å forutsjå. I 2030 kan 2020 stå som eit parentes i historia, der kloden fekk ein liten utsleppspause og økonomien rykka tilbake til ca. 2018-nivå.

Eller så kan vi i 2030 sjå tilbake på 2020 som starten på nasjonaliseringa som gjorde at berekraftsmåla ikkje vart oppnådd då dei heilt og fullt er avhengige av globalt samarbeid. At nasjonaliseringa skaut fart ved at rike land sikra sine borgarar fleire dosar vaksine enn dei trengde, medan fattige land måtte dele det som var att, og det var ikkje nok.

Eller vi kan tenke: 2020 var starten på nytenking, innovasjon og eit auka fokus på korleis andre land har og gjer det. Norecs sitt samfunnsoppdrag er å støtte globale partnarskap og legge til rette for utveksling av personell mellom verksemdene. Dette kan berre skje når folk kan reise for å bu og arbeide i eit anna land, og det vil berre skje når vaksinasjonen mot covid-19 har nådd ein stor nok andel av befolkninga i landet.

Fram til at grensene blir opna, smittetrykket i verda minkar, reiseråd blir oppheva og det blir relativt trygt å reise på utveksling, så vil Norec framleis gjere alt vi kan for å halde partnarskap i gang og legge opp til alternative måtar å dele kunnskap og kompetanse på.

å kan vi håpe at dei første deltakarane kanskje vil kunne reise på utveksling i løpet av 2021, og at vi ved inngangen til 2022 er oppe i det tempoet vi skal for å nå målet om at 750 personar skal får reise på utveksling i løpet av eit år. Om det skjer, då er vi berre eit år etter planen.

Om noko, har pandemien vist oss korleis vi kan sikre at fleire stemmer vert høyrt. Vi er alle einige i at zoom-møter aldri kan vere ei fullgod erstatning for det personlege møtet. Digitale møter fungerer i etablerte partnarskap, men ikkje like godt når ein skal skape nye. Kreativitet og gode diskusjonar gror best når ein er i same rom, utan varierande nett-tilgang og hyppige straumbrot.

Men moglegheitene i dei digitale verktøya er for verdifulle, til at vi kan ta til takke med verda slik den var.

I Norec starta vi 2020 med 220 partnarar i 70 partnarskap. Målet er å ha minst like mange ved utgangen av 2021, men med større variasjon i måten dei samarbeider på. Vi har fått ei oppgradert verktøykasse med nye digitale verktøy, og den skal brukast til det fulle, når koronapandemien går inn i historiebøkene. Kombinasjonen av fysiske møter og digitale verktøy blir standarden for Norec – også når grensene opnar igjen.

Neste:
Bærekraftige leikeplassar, plastfrie elvar og organisk landbruk