Jordbruksmetodar frå India hjelper migrantarbeidarar i Nepal

Les artikkelen

Koronapandemien gjorde at ei gruppe nepalarar som var på utveksling i India for å lære om nye jordbruksmetodar, måtte reise heim. Det var dei ikkje aleine om: – Mange migrantarbeidarar måtte også vende nasen heimover. Dei hadde mista jobbane sine og stod tomhendte att. Vi innsåg at vi kunne bruke det deltakarane våre hadde lært i India, til å hjelpe desse migrantarbeidarane, fortel Kanchan Ghimire.

Kanchan er prosjektkoordinator for Organic Farming Promotion Programme. Programmet får støtte frå Norec og handlar om å motverke hurtig urbanisering i Nepal og India ved å lære opp unge menneske i berekraftig økologisk jordbruk. Det er eit utvekslingsprosjekt mellom Integrated Village Development Service (IVDS) i Nepal og Parmath Samaj Sevi Sansthan i India.

I januar sende IVDS tre deltakarar frå Nepal på utveksling i Jhansi i India, der dei fekk opplæring i betre jordbruksmetodar. Medan dei var i India, lærte dei bort teknikkar som kan bidra til betre kjøkkenhagar, til sine indiske kollegaer.

Arbeidet heldt fram trass i nedstenginga

Deltakarane hadde berre vore nokre få månader i India då dei måtte reise heim på grunn av pandemien.

– Dei var skuffa over at dei måtte reise heim så tidleg. Men då vi gjekk gjennom måla for prosjektet, såg vi at det fanst ting vi kunne arbeide vidare med heime.

Nepal innførte full nedstenging i mars 2020. IVDS valde derfor for å konsentrere seg om innandørs arbeid først.

– Eit av måla med prosjektet vårt er å redusere avstanden mellom lokale myndigheiter og lokale bønder. No såg vi kor viktig det var å bidra til å spreie informasjon om koronaviruset, forklarer Kanchan.

Deltakarane som hadde komme heim, begynte å skrive ei bok med informasjon om offentlege ordningar for å gjere informasjonen lettare tilgjengeleg for innbyggarane. Ved hjelp av digitale verktøy gjorde dei dette saman med kollegaene sine i India.

Då Nepal overlét ansvaret for koronarestriksjonar til lokale myndigheiter, blei det lettare for deltakarane å forflytte seg. Dei begynte å organisere aktivitetar i lokalsamfunnet og oppretta støttegrupper for ungdom som var råka av covid, danna lokale opplæringsgrupper og hjelpte til med å utvikle kjøkkenhagar.

– Då vi reiste ut i lokalsamfunna for å gjennomføre aktivitetane våre, blei vi merksame på situasjonen til migrantarbeidarane. Då bestemte vi oss for å konsentrere mesteparten av innsatsen om dei.

Hjelp til migrantarbeidarar i risikosona for ekstrem fattigdom

Sidan koronapandemien starta, har det i Makwanpur-distriktet komme heim fem gonger så mange migrantarbeidarar som det pleier. Dei kjem hovudsakeleg frå Golf-landa, der dei har mista jobbane sine på grunn av den økonomiske krisa. For dei lokale myndigheitene har det vore ei utfordring å handtere alle migrantarbeidarane som har komme heim, og det er få ledige jobbar til dei. Dei fleste får ikkje offentleg støtte, og mange risikerer no å måtte leve i ekstrem fattigdom.

– Mange av desse migrantane har familiemedlemmer som er avhengige av inntekta deira. Situasjonen er dramatisk både for migrantane sjølve og for personane dei har ansvar for.
Deltakarane frå IVDS underviser no nokre av dei heimvende migrantane i jordbruksteknikkar. På den måten kan dei dyrke mat både til eige forbruk og til sal. Dette har vore svært vellukka, ifølge Kanchan:

– Vi har arbeidd med dette sidan juli. No begynner grønsakene å vekse, og det har motivert mange av migrantane til å halde fram med dyrkinga.

Deltakarane nyttar teknikkane dei lærte i India, når dei underviser migrantane i Nepal. Dei har danna fem grupper som møtest jamleg for å få opplæring på dei 20 jordlappane dei bruker til demonstrasjonsformål. Så langt har dei hjelpt 100 heimvende migrantar.

I India har partnarorganisasjonen Parmath Samaj Sevi Sanstha også endra måten dei arbeider på. Etter at pandemien kom, har dei konsentrert seg om å hjelpe til med å lage kjøkkenhagar. Deltakarane i prosjektet har brukt det dei lærte av nepalarane, og har allereie laga 150 nye kjøkkenhagar. Innan utgangen av året er målet å lage 100 til.

– Eit nytt perspektiv på vårt eige samfunn

For millionar av menneske har pandemien hatt svært alvorlege konsekvensar. Likevel har prosjektpartnarane klart å snu situasjonen til noko positivt.

– Det kjennest som om pandemien har gitt oss eit nytt perspektiv på vårt eige samfunn, seier Kanchan. Han er sikker på at pandemien vil endre måten dei arbeider på i framtida:

– Sjølv om situasjonen er tragisk, har vi sett nye moglegheiter. Vi har innsett at det finst ei stor gruppe menneske vi hadde gløymt å inkludere i arbeidet vårt.

IVDS og Parmath Samaj Sevi Sanstha er no inne i sitt tredje år med utvekslingsprosjektet.

– I desse åra har vi vore opptatte av å formidle det vi har lært, men vi følte likevel at det var noko som mangla. No veit vi kva det var. Vi hadde gløymt å inkludere returnerte migrantar i arbeidet vårt, og dei treng verkeleg hjelpa vår. Vi kjem til å fortsette å arbeide med dei også etter pandemien.

Neste:
Vi presenterer Norec sine resultat i internasjonale fora