Årsrapport
2020

Sjefen har ordet
- 2020 var eit annleis år. Og av alle ting vi lærte, så er det at samarbeid trumfar åleinegong meir enn nokon gong.
Prosjekt
Gjensidigheit er ein overordna verdi og ei rettesnor for alle prosjekt vi støttar. Gjensidig partnarskap betyr at alle både bidreg og får noko ut av det.
Utveksling i eit omstillingsår
Moglegheitene i dei digitale verktøya er for verdifulle, til at vi kan ta til takke med verda slik den var
Saman med våre partnarar har vi endra måten vi samarbeider på
Norec har tatt viktige grep i eit omstillingsår
1DIGITALT KVANTESPRANG
I 2020 tok Norec og våre partnarorganisasjonar eit digitalt kvantesprang. I løpet av få veker gjorde vi alt arbeid digitalt. Omstillinga har gjort Norec betre rusta til å levere fleire og betre digitale tenester – også etter at pandemien er over.
2UTVEKSLING PÅ NYE MÅTAR
I eit år der fysisk utveksling vart umogeleg over natta, klarte 64 av 70 partnarskap å halde fram samarbeidet på nye og innovative måtar. Norecs prioritet var å sikre at viktige aktivitetar kunne halde fram, og at partnarskapa kunne finne gode løysingar i fellesskap. Vi er mektig imponert over korleis dei handterte oppgåva.
3TETTE PARTNARSKAP
Vi såg betydninga av årelange partnarskap, og korleis dei stilte opp for kvarandre då verda plutseleg endra form. Vi var vitne til samarbeid på så mange ulike måtar; enten ved å dele beskyttelsesutstyr eller å finne felles løysingar på utfordringar som oppstod undervegs.
4DIGITALE KURS
I mars 2020 hadde vi 700 deltakarar på utveksling. I løpet av få veker utvikla kursseksjonen eit digitalt tilbod som erstatta det fysiske kurset for heimvende deltakarar. 101 deltakarar har deltatt på dette i løpet av året. Sjølv om digitale kurs aldri kan erstatte det fysiske møtet mellom deltakarar, er det blitt eit godt supplement i Norec si verktøykasse.
5NYTT E-LÆRINGSSYSTEM
Vi har omfamna mogelegheitene som finst i digitale system. Alle kursrådgivarane våre har økt sin digitale kompetanse, og vi har utarbeidd eit online e-læringssystem. Denne er klar til bruk januar 2021, og vil vere ein viktig kanal for formidling av kompetanse til og mellom partnarskapa.
6FULLE WEBINAR
Vi arrangerte våre første webinar! Over 100 personar deltok for å lære meir om mangfaldsleiing og integrasjon av utanlandsk arbeidskraft på arbeidsplassen. Norec har også aktivt delteke og presentert på ei rekke digitale arrangement – for å vise korleis utveksling bidreg til endring og utvikling.
7NYE NETTVERK
Vi møtte 40 nye potensielle partnarar, som er klare til å starte si kompetanseutveksling når verda opnar att. Sidan Norec flytta til Førde i 2018 har nettverksavdelinga i Norec møtt meir enn 200 verksemder i inn- og utland. I 2020 retta vi oss mot aktørar innan hav, klima og miljøvern, som er prioriterte område i norsk utviklingspolitikk. Dette året vart møteforma digital, som gjorde det mogeleg å møte enno fleire aktørar som kan ha nytte av Norec sine tenester.
8LÆRE OG LÆRE BORT
I løpet av 2020 har vi vist fram Norecs metode om gjensidig utveksling i mange forum. Som eit kompetansesenter for utveksling er det vår oppgåve å både lære av andre sine praksisar og lære bort det vi er gode på. Totalt har Norec bidratt i ti eksterne evalueringar og rapportar i regi av internasjonale NGOar og multilaterale organisasjonar.
9DIGITAL UTVEKSLING
Kven seier at utveksling berre må vere fysisk? For første gong i historia tilbyr Norec digital utveksling. Vi har allereie mottatt 58 søknader for ulike typar kompetanseutveksling i 2021, og vi gler oss til å sjå resultata av desse prosjekta.
10NY OPPGÅVE
Vi har blitt tildelt ei ny, spennande oppgåve. Frå 1. april overtek Norec å fasilitere rekruttering av norske spesialistar og praktikantar til FN-systemet og andre internasjonale organisasjonar. Kor spennande er ikkje det!
Sjå alle høgdepunkt her
Norec - eit kompetansesenter
Norec er eit kompetansesenter for internasjonal utveksling. Vi genererer og deler kunnskap om utveksling til potensielle partnarar og søsterorganisasjonar. På denne måten kan vi bidra til bedre resultat i utvekslingssamarbeid.